Hundreåringen Nyfrid Tollefsen

– Trikset er å røre på seg

– Eg trur årsaka til at eg har blitt så gammal er at eg alltid er i rørsle, seier Nyfrid Tollefsen (100).

100 år: Nyfrid Tollefsen fylte 100 år på laurdag og inviterte slekt og grannar på kalas. Helsing frå ordføraren og sjølvaste kongen fekk ho også. 

Nyhende

Laurdag fylte Nyfrid Tollefsen hundre år. Dagen vart feira med middag og kaker for innbedne gjester på Bygdastova og jubilanten sjølv kasta glans over samkoma med ei bursdagskrone av det meir høge slaget.