Femteklassingane ved Ulsteinvik barneskule laga nettside i teknologiveka:

– Vi ser gleda borna viser kring teknologi kvar dag

Teknologiveka: Ulstein kommune har markert seg som ein kommune som verkeleg satsar på teknologi – og då spesielt blant dei unge. Ved Ulsteinvik barneskule var det teknologiveke førre veke – og på fredag blei nettsida femteklassingane ved skulen har laga erklært for open. Lærar Ole Terje Sukka (bildet) fortel har om nettsida, der grupper frå dei tre femteklassene ved skulen har skrive om dei ulike skulekrinsane i kommunen – Ulsteinvik, Haddal, Hasund og Ulstein.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Rektor Vegard Sæter Gurskevik skrytte stort av dei i alt 79 elevane på femte trinn ved Ulsteinvik barneskule – som i førre veke laga ei eiga nettside – «Her bur vi – Ulstein kommune».