Kampen mot vindkraft på land held fram:

Tende vardebål på Høgåsen

Inger Johanne Saunes heldt ein appell etter at vardebålet var tend.  Foto: Anne Hestflått.

Rundt 40 små og store møtte fram til tenning av vardebålet på Høgåsen tysdag kveld.  Foto: Anne Hestflått.

Nyhende

Naturen var i fokus tysdag kveld. Rundt 40 personar i alle aldrar møtte fram, og hadde ei fin stund saman. Deltakarane kunne også sjå vardebålet frå Runde, blir det rapportert til Vikebladet Vestposten.

Heldt appell på Høgåsen

Inger Johanne Saunes framførde ein appell for dei frammøtte. Appelen i sin heilskap kan du lese her:

Den norske folkesjela har vakna, og i kveld, tysdag 8. oktober, vil meir enn 130 vardebål flamme frå Finnmark i nord til Agder i sør, frå Bjørnsund og Hornkjølberget i aust til Runde i vest. Motstanden mot vindindustrien breier seg som eld i tørt gras og stadig fleire nordmenn vel å vise solidaritet og samhald i forsvaret av norsk natur.

Vardebål er ein tusenårig tradisjon i Norge, som varsel om krig og ufred. Ein kunne sjå elden frå det eine fjellet til det andre. På denne måten kunne ein varsle om fiendtlege hærtog frå ytterkant til ytterkant på nokre dagar.

Det er 40 år sidan Folkeaksjonen mot utbygging av Alta-Kautokeino-vassdraget og sveltestreiken utanfor Stortinget, og den massive motstanden frå -79 har no blitt ei nasjonal folkerørsle. Dei 130 vardetenningane symboliserer varslar om at Norge sin natur er i overhengande fare, og krev at vi vaknar og grip til dei våpen vi har; solidaritet, pennar, demonstrasjonar, markeringar, tastatur, talegåver og nye vardetenningar. Vardane har stått i fjella sidan tidenes morgon og vist veg; og like stødig skal vi stå i ein stadig større og tyngre forsvarsfront mot vindindustrien sine øydeleggingar og overgrep mot natur og menneske.

Ideen om vardetenning byrja som ein liten, usjåleg varde, bygd av istykkesprengde knausar i påbyrja Vardafjell Vindpark i Sandnes, og blei, saman med rydding av store mengder sprengtrådar som låg spreidd i naturen, starten på bølgja som målbevisst byrja å breie seg over landet. Den 8. september var bølgja sterkt symbolsk og markert, i form av å vere ein varde framom Stortinget, bygd av sprengsteinar frå ihjelslåtte fjell i heile Norge.

Fjell som var ofra på vindindustrien sitt kapitalalter, og som no blotta alle sin djuptgripande sorg; Geitfjellet, Gulen, Vardafjell, Guleslettene, Kvaløya, Raskiftet, Nessadalen, Kjølens Rand, Harbaksfjellet, Stølsheimen, Bjørn West fjella, Sørmarksfjellet, Evje og Hornnes, Bygland, Iveland, Åseral og Vennesla, Bessakerfjellet, Skomakerfjellet, Kjølberget, Tonstad, Kvaløya. Utpeika fjell. Tapte fjell. Men ikkje gløymde.

Bølgja av motstand lever no sitt eige liv; ingen eig vardetenninga, den eigast av alle som tenner sitt eige vardebål og står støtt i lag med motstanden. Den eig seg sjølv.

130 varsla bål vil lyse opp i tussmørket i kveld og varsle fare. I tillegg kjem dei tallause båla som ikkje er varsla, fakkelboksane, stearinlysa, faklane, bålpannebåla, peisbåla og den brennande kjærleiken til ein vill og fri natur som skal eigast av alle.

Ein vill og fri natur som skal eige seg sjølv.


Forfatta av Inger Johanne Saunes, Anna Garnes Sæter og Arne Sivertstøl på vegner av Motvind Nordvest (tidlegare Nei til Vindturbinar i Nordvest) - arrangør av lokalt arrangement på Høgåsen, under Nasjonal Vardetenning.

Rundt 40 små og store møtte fram til tenning av vardebålet på Høgåsen tysdag kveld.  Foto: Anne Hestflått.