Kommunaldepartementet:

Avviser at kommunane taper på samanslåing

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H).   Foto: Bjørn Ivar Voll/NPK.

Nyhende

(NPK): Mange nye storkommunar meiner dei ikkje får tilstrekkeleg med midlar frå staten til å dekke kostnadane knytt til kommunesamanslåinga. Men kommunaldepartement meiner dei nye storkommunane ikkje taper pengar på å slå seg saman.

Tidlegare denne veka gjekk blant andre den politiske leiinga i nye Bjørnafjord kommune ut og kritiserte regjeringa for å løyve for lite pengar til nye storkommunar. Også politikarar i nye Sunnfjord kommune og nye Sogndal kommune var misnøgde med statsbudsjettet for 2020.

– Departementet har utbetalt om lag 1,4 milliardar kroner til å dekke eingongskostnader i kommunereforma. Mange samanslåingar gjennomfører prosessar med rammer som er større enn dei statlege tilskota. Mange gjennomfører kraftige løft, særleg på IKT-området. Det er positivt at kommunane tar desse grepa i samband med samanslåinga, men dette er ikkje kostnader ein kan forventa at staten skal dekka fullt ut, heiter det i eit administrativt svar frå kommunalavdelinga i departementet på spørsmål om dei statelege løyvingane til dei nye storkommunane.

Reformkostnadar erstattar andre utgifter

– Etter kva departementet kjenner til er det òg ein del av kostnadene i samanslåingsprosessane som vil erstatta utgifter kommunane ville hatt dersom dei ikkje hadde slått seg saman, til dømes lisensar, skriv kommunalavdelinga i svaret sitt.

Dei peikar òg på at fleire kommunar, allereie før samanslåingane trer i kraft, har fått økonomisk støtte, og at dette er med å påverka at veksten i frie inntekter frå 2019 til 2020 er lågare enn han elles ville vore.

– Det er mange ulike forhold som påverkar den anslåtte veksten i frie inntekter frå 2019 til 2020 for enkelte kommunar. I hovudsak er dette andre forhold enn sjølve samanslåinga, som til dømes befolkningsutvikling og endringar i befolkningssamansetninga, skriv departementet.

800 millionar i reformstøtte i 2020

Departementet opplyser òg at alle kommunar som slår seg saman, får kompensasjon for reduksjon i rammetilskotet som følgje av samanslåing.

I 2020 utgjer dette tilskotet om lag 1,2 millionar kroner. I tillegg vil kommunar som slår seg saman, få reformstøtte med om lag 800 millionar kroner i 2020, ifølgje Kommunaldepartementet.