Ønskjer å hjelpe framandspråklege med å sortere rett:

Har laga plakatar på norsk, engelsk og litauisk

Søre Sunnmøre Reinhaldsverk har sorteringsguidar på ni ulike språk, og har no også laga plakatar på norsk, engelsk og litauisk.  Foto: Andrea Øien Sæverud/Søre Sunnmøre Reinhaldsverk.

Saulius Stanevicius frå Litauen er tilsett ved SSR, og har hjelpt til med å lage ein sorteringsplakat på norsk, engelsk og litauisk.  Foto: Andrea Øien Sæverud/Søre Sunnmøre Reinhaldsverk.

Nyhende

Søre Sunnmøre Reinhaldsverk blei kontakta av ein bedriftseigar, som spurde om korleis han kunne gjere det enklare for utanlandske tilsette å sortere rett. Reinhaldsverket tipsa først bedriftseigaren om sorteringsguidane, som er laga til på ni ulike språk.

Men, bedriftseigaren hadde ifølgje SSR behov for store plakatar ved dunkane. Språket denne spesifikke bedriftseigaren helst ønskte å få produsert ein plakat på, var litauisk.

- Ein av næringskundane våre har nettopp innført matavfall, og ønskte å gjere det lettare for dei tilsette å sortere. Mange av dei kjem frå Litauen, så han lurte på om det var mogleg å få til noko på deira eige språk. Vi er sjølve så heldige å ha Saulius Stanevicius frå Litauen som tilsett, og han sa ja til å hjelpe til med omsettinga. På den måten fekk vi ordna plakatane kjapt og kortreist, seier Andrea Øien Sæverud, som er kommunikasjonsansvarleg i Søre Sunnmøre Reinhaldsverk (SSR).

Ho legg så til:

- Kanskje har du ein litauisk kollega, leigebuar eller kompis som også kunne hatt glede av plakatane? Gjerne skriv dei ut, laminer og heng opp.

Plakatane kan ein finne ved å gå inn via denne lenkja (ekstern lenkje).

- Legg til rette for betre kjeldesortering

Saulius Stanevicius, som har budd på Hareid i 11 år - og som både har eigne foreldre og barn der, nytta språkkunnskap frå heile storfamilien for å finne dei rette orda. Han er godt nøgd med resultatet.

- No blir det kanskje lettare å sortere avfallet sitt for dei frå Litauen som bur her, men ikkje snakkar flytande norsk, seier Saulius og legg til:

- Det er flott at både bedrifta som spurde om plakatane og SSR no kan legge til rette for betre kjeldesortering.