Rivingsarbeidet tok til tysdag - same kveld kollapsa kontruksjonen til fotballhallen:

- Området var sperra av då det skjedde, og ingen blei skadde

Fotballhallen, eller kontruksjonen til det som skulle bli den nye hallen, rasa saman tysdag kveld - slik folk i nærleiken kunne høyrde drønnet. Onsdag var rivingsarbeidet i gong igjen, med AF Decom på plass.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Entreprenøren på fotballhall-prosjektet på Hareid, Søvik & Skåravik AS, bekreftar onsdag morgon overfor Vikebladet Vestposten at konstruksjonen til fotballhallen rasa saman tysdag kveld.

Konstruksjonen rasa saman innover mot midten, og ingenting hamna med det utanfor sperringane. Det skriv Hareid kommune på sine nettsider.

AF Decom hadde byrja på rivingsarbeidet før på dagen tysdag, og det var ikkje usannsynleg at hallen - som allereie var ganske deformert som følgje av den sterke vinden natt til førre tysdag - kunne kome til å kollapse som følgje av dette.

- Området var sperra av då det skjedde, og ingen blei skadde. Det kunne nok opplevast som litt skummelt for dei som var i nærleiken og høyrde smellet - men det var som sagt innanfor avsperra område, der ingen skulle gå uansett. I dag held arbeidet med å få ned konstruksjonane fram, fortel dagleg leiar i Søvik & Skåravik AS, Odd Erik Søvik.

Onsdag formiddag sit entreprenøren i møte med Hareid kommune kring vegen vidare - og der vil naturlegvis kollapsen tysdag kveld også bli eit diskusjonstema.




Store skadar på fotballhallen på Hareid etter kraftig vind:

- Frykteleg trist



Den påbyrja fotballhallen på Hareid fekk store skadar av sterk vind natt til tysdag:

Ventar på takstrapporten - har byrja å planlegge riving