Rådmannen presiserer

- Det er ikkje slik at vi ikkje har kontroll på økonomien i Hareid

Rådmann Ragnhild Velsvik Berge meiner Vikebladet Vestposten si framstilling frå formannskapsmøtet, i samband med presentasjonen av den nye økonomileiaren, feilaktig gir inntrykk av at kommunen ikkje har kontroll på økonomien. Arkivfoto  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Rådmannen i Hareid reagerer på Vikebladet Vestposten si framstilling frå formannskapsmøtet sist måndag, der den nye økonomileiaren i kommunen vart presentert.

- Den nye økonomileiaren vart presentert i siste formannskapsmøte. Som rådmann nytta eg også høvet til å få fram den breie kompetansen hans og uttrykte glede over å ha fått på plass ein så erfaren person. I samband med dette korrigerte eg også ei saksopplysning om storleiken på disposisjonsfondet. Vikebladet Vestposten laga ei saksframstilling som kunne gi inntrykk av at vi ikkje har kontroll på økonomien i Hareid. Dette har eg tatt opp med redaktøren i dag som då fekk fjerna saka frå nettavisa, men ho oppmoda meg samstundes om å kome med ei nyansering av saka, seier råmann i Hareid, Ragnhild Velsvik Berge.

- Det er ikkje slik at vi ikkje har kontroll på økonomien i Hareid og kor mykje vi har på bok. Vi  har rutine på gjennomgang og rapportering av forbruk med jamne mellomrom. I juni slutta vår førre økonomileiar og 1. oktober fekk vi på plass ny.  I sommar fekk eg spørsmål frå ein politikar om kor mykje pengar som stod igjen på disposisjonsfondet. Eg visste at summen var om lag 2,5 millionar kronar, men ville dobbelsjekke slik at eg fekk desimalane rett. På det tidspunktet stod vi utan økonomileiar, og eg kontakta rekneskapsavdelinga for å dobbelsjekke talet. Der blei eg fortalt at fondet var på 5,7 millionar kronar. Eg fekk det ikkje til å stemme med det eg visste frå før, men fakta var at det stod dette beløpet på konto. Eg informerte derfor vedkomande politikar, med kopi til formannskapet om dette.

Ragnhild Velsvik Berge fortel at ho ikkje slo seg til ro med dette talet.

- Det fyrste eg bad økonomileiaren om å gjere då han starta i jobben, var å sjekke storleiken på disposisjonsfondet. Saman med rekneskapsavdelinga fann han då ut at det var ein sum som var vedteke i budsjettrevisjonen som ikkje var ført frå fondet til drifta.  Ny økonomileiar starta i jobben 1. oktober, og det fyrste naturlege staden å rette opp feilinformasjonen eg hadde gitt til formannskapet, blei då i formannskapsmøtet 7. oktober, opplyser Velsvik Berge.