Søre Sunnmøre mottak inviterte til haustfest denne veka:

– Det blir ei sorg for mange å måtte reise herifrå

Dansa BlimE-dansen: Borna og nokre av dei tilsette ved Søre Sunnmøre mottak dansa BlimE-dansen for dei frammøtte på bygdehuset.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

13 år gamle Ashvan frå Iran song kurdiske songar for dei frammøtte.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Etter 18 års drift i Ulsteinvik skal Søre Sunnmøre mottak avviklast. Kontrakten med UDI går ut 1. desember i år. Men, sjølv om årets haustfest blei litt trist for mange, var det mest av alt smil og glede å sjå hos både barn og vaksne.

– Dette ser ut til å vere den siste samlinga der vi alle er samla. Det er mange her i dag som er triste fordi ein må forlate Ulsteinvik. Også for oss på kontoret er det vemodig å stengje ned, og at det ikkje skal vere asylmottak i Ulsteinvik – for fyrste gong på 18 år. Men – i dag skal vi kose oss saman, vi skal ete god mat – og vi skal danse, sa dagleg leiar for Søre Sunnmøre mottak, Ann-Ingvill Tødenes til dei over hundre frammøtte på Hasund bygdahus.

Det blei både BlimE-dans servert av dei små, og ein kunne så forsyne seg av nydelege matrettar frå mange ulike land etterpå.

Til Vikebladet Vestposten fortalde Tødenes at det har blitt ein del tårer både på bebuarane på mottaket og dei tilsette etter at nedlegginga var eit faktum.

– Det har vore tøft for fleire dette. Spesielt for barnefamiliar som har blitt godt integrerte i Ulstein-samfunnet, og som har mange vener og kjende her, seier Tødenes og legg til:

– Bebuarane har fått solid oppbakking frå kommunen, og hatt tilgang på gode tenester. Folk trivst generelt sett med å bu her i Ulstein. Det blir ei sorg for mange å måtte reise herifrå.

(Saka held fram under bildet)

Rørt mottaksleiar: Ann-Ingvill Tødenes, dagleg leiar ved Søre Sunnmøre mottak, var tydeleg rørt då ho opna haustfesten med ein liten tale til dei frammøtte. Det blei ei fin stund på Hasund bygdahus, med dans, god mat og mykje god prat.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

 

Hamna i ein skvis

I september kunne lokalavisa skrive at mottaket i Ulsteinvik hadde hamna i ein skvis. Mottaket har fått kontraktar for tre år i gangen, og dagens kontrakt går som nemnt ut 1. desember i år. For å drive vidare må mottaket vinne nye anbod. UDI skulle eigentleg lyse ut ein ny runde med anbod på seinsommaren, men dei blei forseinka. Denne lét framleis vente på seg, fortel Ann-Ingvill Tødenes.

Det er ikkje reint lite arbeid knytt til det å leggje ned eit mottak – både i høve praktiske og menneskelege kostnadar, fortel mottaksleiaren. Per i dag bur det 159 personar ved mottaket, då ti som har fått opphald allereie har flytta til andre kommunar.

– Det blir ikkje berre, berre å avvikle drifta. Men, vi skal ta omsyn til bebuarane, og sørgje for at prosessen går føre seg på ein god måte, seier Ann-Ingvill Tødenes avslutningsvis.

Nydeleg mat: Så var det klart for eit skikkeleg festmåltid. Dei herlegaste matrettar frå mange ulike land stod på menyen.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.