Sandra Moses ber til Gud fleire gonger om dagen - ønskjer busetting i Ulstein:

– Det er her vi har liva våre

Fekk opphald – ventar på busetting: Sandra Moses og sønene hennar, 9 år gamle Hope (t.v.) og 10 år gamle Nick, håper dei får busetting i Ulstein kommune. – Det er her vi ønskjer å vere, det er her vi har vener og kjende rundt oss, seier Sandra til Vikebladet Vestposten.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Sandra Moses og sønene Hope og Nick har fått opphald i Norge – men har ikkje fått busetting enno. Dei håper at Ulstein kommune klarer å finne plass til dei før Søre Sunnmøre mottak avviklar drifta.