Hareid formannskap:

Kystverket avhendar likevel ikkje Brandal fiskerihamn

Nyhende

Kystverket har snudd i saka som gjeld avhending av Brandal fiskerihamn. Hareid formannskap fekk avgjerdsla opp som meldesak i siste møte.

Ordførar Anders Riise trudde retretten kom av at Kystverket hadde funne ut at eigedomsforholda i Brandal fiskerihamn var ganske så uoversiktlege.