Inviterer til treff i Ulsteinvik 23. oktober:

MAFOSS og ÅKP samarbeider om tematreff kring EU-systemet

EU-rådgjevar i ÅKP (Ålesund Kunnskapspark), Heidi Nakken.  Foto: MAFOSS.

Nyhende

MAFOSS og ÅKP deler kontor på Stålhaugen i Ulsteinvik, og samarbeider kring fleire ting. Det hittil siste resultatet av dette samarbeidet er at dei saman skal arrangere eit tematreff kring moglegheiter i EU-systemet. Det skriv aktørane i ei pressemelding fredag.

Spesielt viktig kan dette vere å utforske fordi regionen vår har verksemder som er verdsleiande på fleire område - og fordi kunnskapen ein sit på her også kan vere interessant for EU. Mellom anna kan det opne seg moglegheiter til å få tilgang på store midlar til innovasjon og forsking.

Store pengar i EU sine Horizon-program

For - pengesekken EU kontrollerer, knytt til forsking og innovasjon - er vesentleg større enn dei midlane ein kan få tilgang på gjennom det norske verkemiddelapparatet. I potten for Horizon 2020 er det til dømes heile 800 milliardar kroner. I dei nye programma som tar over frå 2021, Horizon Europe, er det 1.000 milliardar kroner.

Desse store beløpa skal gå til forsking og innovasjon for eit betre Europa.

Ålesund Kunnskapspark (ÅKP) har med støtte frå Innovasjon Norge tilsett ein eigen EU-rådgjevar, Heidi Nakken - som skal vere ein ressurs for både den marine og den maritime klynga - slik at ein lettare kan finne fram i verkemiddeljungelen i EU. Det vil også vere mogleg med bistand til sjølve søknadsprosessen inn mot enkeltprosjekt, blir det opplyst i meldinga.

– Same kor ein vender på det, så vil framtida måtte gå mot fleire berekraftige løysingar innan alle felt. Dei som er med på utvikling av løysingane kan ha gode moglegheiter for få støtte til sine prosjekt, seier EU-rådgjevar Heidi Nakken i pressemeldinga.

Og - over heile Europa er fokuset no veldig stort på kva ein kan gjere for å sikre ei grønare framtid. Dette viser også godt igjen i dei ulike satstingane som blir gjort innan innovasjon og forsking. Delar av løysingane for reinare transport på sjø og land, forbetring av utnytting av råvareressursar for å mette fleire og utfordringane innan helse ligg i industrien i vårt distrikt.

Tematreff i Fosnavåg og Ulsteinvik

Difor inviterer MAFOSS og ÅKP il temakveld i Fosnavåg 17. oktober og Ulsteinvik 23. oktober. Målet er at bedrifter som har ting på gang, eller om som har tankar om prosjekt som kan være interessante på europeisk nivå skal melde seg på. Dette gjeld også om ein berre er nysgjerrig på kva moglegheiter som ligg i EUprogramma.

– Vi håper på ein god diskusjon, og vil gjerne ta for oss konkrete eksempel frå bedriftene. EU-finansiering er eit spanande og viktig tema. Vi ser også for oss fleire felles arrangement med varierande tematikk i tida som kjem, seier Jan Thormodsæter i MAFOSS.

– Både ÅKP og MAFOSS har som mål å bidra til styrke bedriftene i regionen vår, så vi har alt å vinne på å dra saman, seier Robert Voldnes i ÅKP, avdeling Søre Sunnmøre.