Kongolesiske Leoni håper at nordmenn støttar årets tv-aksjon og blir bøsseberarar:

– Ei svært viktig sak

Leoni Kumba: 43 år gamle Leoni kjem frå Kongo, men er i dag busett i Ulsteinvik. I 2013 vart ho enke då mannen hennar vart skoten, og ho og familien hennar måtte flykte frå landet, og mange av dei enda til slutt opp i Norge. Leoni merkar at det er ein enorm forskjell mellom korleis kvinner blir behandla i Norge samanlikna med Kongo. Ho håper at flest mogleg kan vere med og bidra til årets TV-aksjon, der kvinner sine rettar i sårbare område står i fokus. Foto: Erik K. Heimdal 

Nyhende

TV-aksjonen 2019 går av stabelen søndag 20. oktober, men dagen før vert det arrangert internasjonal kafé og konsert, der inntektene går til TV-aksjonen.

43 år gamle Leoni Kumba kjem frå grensebyen Bunagana i Kongo, men i 2013 vart ektemannen hennar skoten, og familien måtte flykte over grensa til Uganda, og deretter til Norge.

– Eg har fem av borna mine her i Ulsteinvik, medan dei to andre er høvesvis i Uganda og Canada med sine born, seier ho.

Leoni er svært takksam for at ho i dag bur i Norge, og at ho ikkje lenger bur i Kongo.

– I Kongo blir kvinnene plassert bakarst i køen, og rett og slett sett veldig ned på av samfunnet, noko som er svært trist, fortel Leoni.

Årets TV-aksjon samlar inn pengar til CARE, som igjen hjelper kvinner i nokre av verdas mest sårbare område, deriblant Kongo.


Avspark for årets TV-aksjon:

– No er det hennar tur

 

– Eg veit korleis det er å miste håpet og livsgleda

Å vere kvinne i Kongo er vanskeleg nok, men Leoni kunne fortelje at det å verte enke er noko av det verste som kan skje.

– Dersom ein blir enke, slik som eg vart, så har du ikkje lenger nokon som kan forsvare deg, og ein er mykje meir sårbar. Du kan bli fråteken tomta di, og korrupsjonen i landet går verkeleg sterkt utover enkene, påpeiker Leoni.

Ho håper at bistanden som det norske folket gir via TV-aksjonen er med på å engasjere kvinnene i samfunnet, og at dei får sjansen til å ytre seg.

– Det er mange kvinner som har mange gode idéar, men dei blir ikkje sett eller høyrt, konstaterer ho.

Leoni er svært glad for å bu i Norge, men ho tenkjer ofte på kvinnene som framleis blir undertrykte i Kongo.

– Eg veit korleis det er å miste håpet og livsgleda, fortel 43-åringen.


 

– Forskjellen mellom Norge og Kongo er enorm

I tillegg er det mange av dei kongolesiske kvinnene som trur at undertrykkinga er normal, og at livet berre er slik.

– Mange av kvinnene i Kongo trur at dei lev eit «normalt kvinneliv», og at slik undertrykking er vanleg over heile verda, men slik skal det jo sjølvsagt ikkje vere. Eg håper at dei blir opplyste med kunnskap om korleis kvinner har det andre stadar i verda, som for eksempel i Norge, vurderer Leoni.

For forskjellane mellom kvinnene sin posisjon i Norge og Kongo er, ifølgje Leoni, gigantisk.

– Ja, forskjellen er enormt stor. Her i Norge har kvinnene ein heilt anna posisjon i samfunnet enn i Kongo. Større og betre tilbod av utdanning og arbeidsplassar blir nøkkelen til å få betra kvinnene sin situasjon i landet, etter mi meining, slår Leoni fast.

Internasjonal kafé og konsert

Sjølv om det er søndag 20. oktober at tv-aksjonen går føre seg, vert det også arrangert internasjonal kafé på Fredheim og konsert på Sjøborg laurdag 19. oktober, der inntektene går til tv-aksjonen.

– Eg håper at mange kjem, og bidreg til denne svært viktige og gode saka, seier Leoni.

Tv-aksjonskomiteen oppmodar innvandrarar i Ulstein kommune til å bidra med mat frå heimlandet sitt, og ordførar Knut Erik Engh oppmodar menn til å bake kaker til det sunnmørske kakebordet for å vise omtanke til kvinnene i vanskeleg situasjonar.

Og dei som ønskjer å delta i det som vert kalla årets viktigaste søndagstur, kan melde seg som bøsseberar på blimed.no eller kontakte Bennie Hansen ved Ulstein kommune sitt servicetorg. Dei som vil bidra med kaker, kan kontakte Inger Anne Dimmen.