Sparebank 1 Søre Sunnmøre i Ulsteinvik:

Inviterer til pensjonistdag i banken

Inviterer til pensjonistdag: Førstkomande fredag kan ein møte denne gjengen over ein kaffikopp og litt bakverk. Frå venstre ser ein kunderådgjevarane Wenche Aursnes og Guttorm Vartdal, senior kunderådgjevar Reidun Langeland og Lillian Kleven Breivik.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Sparebank 1 Søre Sunnmøre inviterer til pensjonistdag i Ulsteinvik førstkomande fredag. – Ein bank er ikkje lenger det den var – og det kan vere godt å få litt hjelp, seier avdelingsbanksjef Lillian Kleven Breivik.

Mange får gjerne utbetalt pensjon eller trygd rundt den 18. kvar månad, så datoen for pensjonistdagen er ikkje heilt tilfeldig.

– Det er rundt denne dagen i månaden mange får utbetalt pengar, og av erfaring er det ofte då ein treng hjelp med å ordne med kontoane sine, få hjelp til å betale rekningar og anna. Ein dag der slike spørsmål dukkar opp, seier Lillian Kleven Breivik og legg til:

– Vi prøver først med dette arrangementet no, og dersom vi ser at det er tilstrekkeleg med behov og interesse for noko slikt – så kan vi godt tenkje oss å gjere det igjen. Mest truleg ein gong i månaden framover, seier ho.

I opningstida til banken

Banken vil først og fremst konsentrere seg om dette arrangementet førstkomande fredag – og det går av stabelen i opningstida til banken.

– Vi er her fysisk tilgjengelege for dei som treng oss. Vi har ingenting anna planlagt denne dagen. Har ein forsikringsspørsmål, bankspørsmål – anten ein er kunde eller ikkje er kunde hos oss – kom gjerne innom, seier Lillian Kleven Breivik.

Som også fortel at det blir kaffi og bakevarer ståande framme, slik at ein også har noko å drikke og tygge på under besøket i banken.

– Eg er jo litt spent på kor mange som eventuelt kjem hit på fredag – og håper at flest mogleg nyttar høvet. Ein bank er ikkje lenger det den var – og det kan vere godt å få litt hjelp. Vi lever i ein digital kvardag – og dei som har behov for å lære meir, kan kome til oss for å få meir lærdom, seier avdelingsbanksjefen til slutt.