Styret i Hjørungavåg Vikingpark inviterer til å bli med på å bygge langhus

Håper på dugnadshjelp

Mandag 21. oktober blir det folkemøte på Jomsvoll om bygging av eit vikinghus på Leira. Dit håper styret for Hjørungavåg Vikingpark at det kjem mykje folk som kan tenke seg å vere med på dugnad.

Styret i Hjørungavåg Vikingpark: Frå v. styremedlemene Øystein Liavåg, Arnfinn Stordal, Gunnar Hjørungnes, styreleiar Ronny Nipen og styremedlem Anne Marie Saunes Overå står plasserte på marka nedanfor barden der vikinghuset skal plasserast. Kristin Dimmen og Ole-Frank Bakken sit også i styret. Langhuset får utsyn mot Vågen, og får ei ypparleg plassering med tanke på formidlinga av historia om slaget i Hjørungavåg år 986. 

Nyhende

- Å få opp eit mest mogleg autentisk vikinghus på Leira er noko som bør vere av interesse for folk i heile kommunen, ja, i heile landet for den del, kommenterer styremedlem Gunnar Hjørungnes.