Skal finne ny leiar sjølv

Gir seg: UEKF må finne ny dagleg leiar etter Rune Urke gir seg. Arkivfoto 

Nyhende

Rune Urke har signalisert at han ønskjer å gå av som dagleg leiar for Ulstein Eigedomsselskap KF. I staden for å engasjere eit rekrutteringsfirma, har styret no kome til at dei rekrutterer ein ny dagleg leiar i eigen regi, med assistanse frå personalavdelinga i kommunen. Dei sette også ned et arbeidsgruppe til at arbeide med dette. Det er styreleiar Heidi Strand, Eldar Knotten, Kari Riise og tillitsvald Hilde Ringen Hofseth.

I vedtaket heiter det at utlysinga bør skje innan tre veker.

Fellesframlegget vart samrøyeste vedteke.