Glad for at tilbodet om tarmkreft-screening blir tilbydd alle 55-åringar frå 2021:

– Eg veit kor viktig det er å sjekke seg

Ulsteinvikaren Magne Grimstad jr. har hatt fire ulike typar kreft, og veit betre enn dei fleste kor viktig det er å sjekke seg sjølv for om ein har kreftsjukdom i kroppen.

Applauderer forslaget: Ulsteinvikaren Magne Grimstad jr. har hatt fleire ulike krefttypar sidan det blei oppdaga kreft i tolvfingertarmen hans i 2009. Seinast i vår blei det påvist kreft i urinleiaren hans. Han fyller 55 år i år – og ville såleis vore i den føreslegne aldersgruppa for tarmkreft-screening – men har altså vore i systemet i mange år allereie. – Men for alle som no får moglegheita til å sjekke seg, gjer det. Dette er noko eg verkeleg applauderer, seier Grimstad jr. til Vikebladet Vestposten. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll. 

Det er ingen tvil om at dette tilbodet vil gi store samfunnsøkonomiske gevinstar

Magne Grimstad jr.
Nyhende

Frå 2021 vil kvinner og menn over heile Norge få tilbod om tarmkreft-screening det året dei fyller 55 år.