Etterlyser vitne til forbikøyring

Dette bildet viser området der forbikøyringa skjedde.   Foto: Privat

Nyhende

Magne Kvalsvik frå Ulsteinvik, no busett i Molde, har kontakta lokalavisa etter det han skildrar som ei svært skremmande oppleving på laurdag.

- Sambuaren min og eg var på veg frå Ulsteinvik til Hareid. Klokka var mellom 14.40 og 15.00, og vi låg bakerst i ei rekke på sju bilar over Eidet. Etter å ha sjekka at det ikkje kom trafikk imot, bestemte vi oss for å køyre forbi bilane framom, fortel han.

Han fortel at dei då opplevde at bilen som låg tredje bakerst brått heiv seg ut til venstre for å køyre forbi.

- Vi unngjekk kollisjon, men bilen vår hamna litt utfor asfaltkanten og trefte ei vegstikke på tur tilbake til vegbana. Bilen fekk merke og bulk i panseret. Vi nådde ferja og der oppdaga vi den andre bilen- vi hadde notert oss registreringsnummeret. Sjåføren nekta for å ha sett bilen vår og også for å ha sett at det vart ein farleg situasjon, så då er vi like langt.

Kvalsvik vil no ha kontakt med folk som kan ha sett det som skjedde. Han har førebels ikkje meldt saka til politiet.