Feil tal frå Ulstein

Nyhende

Etter nærare oppteljing viser det seg at Ulstein kommune samla inn fleire kroner til TV-asksjonen enn det vikebladet.no skreiv tidlegare i dag.



I Ulstein kommune vart det samla inn 409 981 kroner, ikkje 249 367 kroner som TV-askjonen først skreiv.

Og med det klatra Ulstein opp frå 33. plassen til 18. plassen i fylket over kva kommune som gav mest. Resultatet er fordelt på innbyggjarar i kommunen.

På bøssene vart det samla inn 186 897 kroner, ikkje 43 245 kroner som det først vart opplyst.