Sterkt resultat på Hareid

Fredag føremiddag sprang ivrige born rundt på Hareid stadion og fekk samla inn pengar til TV-aksjonen.  

Nyhende

Hareid kommune samla inn heile 381 640 kroner til årets TV-aksjon. Om ein bryt det ned på kroner per innbyggjar blir det 74,03 kr, noko som er 32,56 kroner over landsgjennomsnittet.

Og med det enda dei på andreplass i fylket, og 46. plass i landet.

På bøssene vart det samla inn 195 957 kroner. Skulane og barnehagane var flinke å samle inn pengar, der kom det inn 90 645 kroner. Hareid skule samla inn 41 550 kroner og Bigset skule 31 545 kroner.

Det kom også inn pengar på anna vis.


 

Nedgang i Ulstein

I Ulstein kommune vart det samla inn 249 367 kroner. Det blir 28,97 kroner per innbyggjar, og med det kjem kommunen på 33. plass i fylket. Og 412. plass i Noreg (av 423 kommunar).

På bøssene vart det samla inn 43 245 kroner. Det vart samla inn pengar på fleire andre vis, mellom anna samla Ulsteinvik barneskule samla inn 9453 kroner.


 

Til saman vart det samla inn 220 622 095 kroner i heile landet til Care sitt arbeid.