Sunnmøre KFUK-KFUM-speidarane arrangerer krinsleir for første gong i Ulstein

Speidarane inntek Flø

Til sommaren er det venta storinnrykk av speidarar på Flø. Då arrangerer KFUK-KFUM-speidarane på Sunnmøre krinsleir. – Så vidt vi veit er det første gongen det vert halde krinsleir i Ulstein, seier arrangørane.

Er budd: Det er på Flø det skjer til sommaren. Då vert det krinsleir i regi av Sunnmøre krins av KFUK-KFUM-speidarar. 

Nyhende

24. juni til 4. juli vil mange hundre speidarar frå heile Sunnmøre innta Flø. Då er det tid for Sunnmøre krins av KFUK-KFUM-speidarar sin krinsleir, ein leir som vert arrangert kvart fjerde år. Sist vart leiren arrangert på Eikrem i Sula i 2016 med nær 500 deltakarar.