Strikking for fattig og rik i 400 år

Gjennom 400 år har strikking vore ein viktig syssel for alle samfunnslag her i landet. Eit nytt praktverk samlar trådane om den norske strikkehistoria og viser fram den store spennvidda i norske strikketradisjonar.

OPTIMISTISK STRIKKEBOKFORFATTAR: – Strikking har gått i bølgjer. Ved tusenårsskiftet var eg bekymra for at ingen ville læra seg å strikka, men i dag er eg mykje meir optimistisk. I dag strikkar folk fordi det er gøy, ikkje fordi dei må, seier strikkebokforfattar Nina Granlund Sæther som gler seg over den store strikkeinteressa rundt om i landet. Foto: Geir Arnesen 

Nyhende

– Målet mitt har vore å samla lause trådar til eit stort nøste, skriv forfattaren Nina Granlund Sæther i forordet til boka «Norske Strikketradisjoner».