– Songen skaper eit spesielt samhald

Songarane i Ulstein Mannskor er klare til å markere 135 års aktivitet. I heile haust har dei øvd til jubileumskonserten.

Vi har faktisk med eit par ungdomar under femti utan grått hår

Nyhende

– Det der eg har ikkje nakke til å vere med på, så eg må berre sjå på, seier ein av songarane. Det er måndag kveld og Ulstein Mannskor har øving i aulaen på Ulstein vidaregåande skule. No står (nesten alle) karane i ein sirkel og masserer kvarandre sine nakkar og skuldrer. Dirigent Robert Skeide leiar oppvarminga, som held fram med bøy og tøy og ulike stemmeøvingar.