Benjamin Osnes har blitt ungdomspastor i Ørsta

Benjamin Osnes har blitt ungdomspastor i Nytt Livs Senter. Dermed kan trudomssamfunnet i Ørsta gi eit utvida tilbod til ungdom.

PASTOR: Benjamin Osnes er ny ungdomspastor i Nytt Livs Senter.  Foto: Svein Aam / Møre-Nytt

Nyhende

- Vi skal ha eit rusfritt aktivitetstilbod. Det skal vere ein trygg stad å vere for ungdom, seier Osnes som kjem frå Ulsteinvik.

Nytt Livs senter tilbyr ulike aktivitetar, og samtalar om korleis det er å vere ung og søkande.

- Det blir aktivitetar og vi skal ha det kjekt saman. Det blir, litt mat og også ein åndeleg del, der vi snakkar om Guds kjærleik. Her kan folk kome med spørsmål, og eg håper vi kan ha fine samtalar og diskusjonar. Alle er velkomne. Du treng ikkje vere truande.

Nytt Livs senter er mest kjend for pastoren sin, Hans Reite.

- Deler du Reite sine haldningar til homofile?

- Eg er opptatt av kvar enkeltmenneske sin verdi, uansett kven dei er og kva dei har gjort. Jesus gjekk ikkje rundt å slo folk i hovudet med Bibelen. Eg har hatt menge venner som er homofile. Det siste eg vil er at dei skal føle at eg er dømmande, svarer den nye ungdomspastoren

Han innbyr til ungdomstreff kvar fredag kveld.