Jazz & Koral for trettande gong

Songar om sakn og håp

Kvar einaste allehelgenssøndag dei siste tolv åra har Jazz & Koral invitert inn til ein konsert i Ulstein kyrkje der temaet spenner kring sakn og håp.
Nyhende

Konserten med Jazz & Koral markerte slutten på ei helg der mange har kjent på saknet etter dei som er borte. Over heile landet har kyrkjene halde ope denne helga og tatt i mot folk som har hatt behov for det. Slik også i Hareid og Ulstein.