– Regjeringa må få fart på grøn maritim omstilling

Marius Gjerset er teknologiansvarleg i miljøstiftinga Zero. Foto: Zero 

Nyhende

Før sommaren la regjeringa fram ein handlingsplan for grøn skipsfart med mål om å halvere utsleppa i heile maritim sektor innan 2030. Miljøstiftinga ZERO meiner regjeringa no må gjennomføre alle verkemidla som dei omtalte i handlingsplanen, for å få fart på utviklinga.