Politiet:

Bil køyrde av vegen ved Djupvikvatnet

Nyhende

Politiet i Møre og Romsdal melde klokka 09.00 måndag morgon om ein bil som hadde hamna utfor fylkesveg 61 på austsida av Djupvikvatnet. Sjåføren var ingen stad å sjå då politiet kom fram, men ein fann tak i vedkomande, som viste seg å vere uskadd etter hendinga.

Bilberging har blitt rekvirert, og Vegtrafikksentralen er varsla, opplyser politiet.

Politiet opplyser elles om at det er såpeglatt på vegen, og ber folk om å køyre forsiktig.