Skulecup i Ulsteinhallen

Tysdag fyller fleire hundre skuleelevar Ulsteinhallen på jakt etter finaleplass i Skulecupen i friidrett.

Skulecup: Tysdag konkurrerer fleire hundre skuleelevar under Skulecupen i Ulsteinhallen. 

Nyhende

Det er 2ID1 ved Ulstein vidaregåande skule, samt Dimna IL og Møre og Romsdal Friidrettskrets som står bak semifinalen i skulecupen i friidrett i Ulsteinhallen tysdag.


Skulecup i Ulsteinhallen:

– Det er noko vi gjer for at fleire skal få auga opp for friidrett

Tysdag var fleire hundre ungdomar på plass i Ulsteinhallen for å delta i Skulecupen semifinale sør.


Der konkurrerer over 400 deltakarar om å ta seg til skulecup-finalen som går i Molde til våren. Det er elevar frå 6.- til 10. klasse som konkurrerer i skulecupen. Deltakarane kjem frå skular i området frå Moldefjorden og sørover.

Det blir konkurrert i 60 meter, lengde og kule i Ulsteinhallen.


Frå Skulecup til landstoppen

Jonas André Ose har berre vore aktiv i om lag eitt år, men det går raskt framover med ungguten. Svært raskt.