Spleiselag gav nytt miljøvennleg kunstgras

Rektor Synnøve Haug ved Ulstein skule, Lillian Breivik frå Sparebanken 1 Søre Sunnmøre, Cathrine Johansen frå Sparebanken Møre og FAU-leiar Frank Robert Djupvik. 

Nyhende

Takka vere pengestøtte frå to lokale bankar og kommunen har elevane ved Ulstein skulen nyleg fått nytt kunstgras i ballbingen.

Nytt kunstgras i ballbingen har lenge vore eit ønskje hos elevane ved skulen. Det tidlegare dekket var mange år gamalt og svært slitt. Gleda var difor stor då det nyleg blei lagt splitter nytt kunstgras.

- Det er kjempekjekt å få nytt dekke og det har vore godt jobba av FAU med saka, seier rektor Synnøve Haug.

Foreldra sitt arbeidsutval (FAU) ved skulen har fått støtte frå Sparebanken 1 Søre Sunnmøre, Sparebanken Møre og levekårsutvalet i Ulstein kommune. Alle har bidrege med 50.000 kroner kvar og i tillegg har skulen og det kommunale eigedomsselskapet bidrege med hjelp.

- Ballbingen blir mykje nytta både av skulen, nærmiljøet og FAU. Det var eit bra prosjekt og fører med seg sunne aktivitetar, seier Lillian Breivik i Sparebanken 1 Søre Sunnmøre.

- Sjølv dei som kanskje ikkje spelar fotball, vil gjerne henge rundt ein slik plass for å møtast, legg Cathrine Johansen frå Sparebanken Møre til.

- Det er også ein møteplass for ungdom i nærmiljøet. Både ungar og ungdommar på Skeide samlast her, stadfestar FAU-leiar Frank Robert Djupvik.

Foreldra ved skulen har jobba dugnad med å legge dei drygt 500 kvadratmetrane med kunstgras. Det miljøvennlege graset er levert av Sport Vest i Volda og treng ikkje å fyllast med gummigranulat eller sand.