Ingen kommunar vil vere med å betale

Nyhende

Møre og Romsdal fylkeskommune har spurt alle dei 24 kommunane i fylket som står på turnélista til Bokbåten Epos om dei vil vere med å spleise på kulturtilbodet. Berre ti av kommunane har svara, og ingen har svara ja.




Møre og Romsdal ber kommunane vera med å betala for bokbåten

Skal bokbåten Epos halda fram i Møre og Romsdal, må kommunane som nyttar han, vera med på å betala, meiner fylkeskommunen.


Fylkesrådmannen rår fylkespolitikarane å avvikle drifta av Bokbåten Epos. Han meiner at dei heller bør bruke pengane dei bruker på bokbåten til andre tiltak, der dei når fleire. Det blir vist til Fagplan bibliotek 2017-20, der eitt av hovudmåla med planen er å bidra til likeverdige, allsidige og oppdaterte bibliotektenester for alle som bur eller oppheld seg i fylket. Ein skal også arbeide for betre utnytting av dei samla bibliotekressursane og arbeide for at meir av dei nasjonale utviklingsmidlane kjem fylket til del.

I biblioteklova går det fram at bibliotekdrift er ei kommunal teneste, medan fylket skal gje råd, yte rettleiing og assistanse, arrangere kurs og konferansar. Då kultur- og folkehelseutvalet tidlegare gjekk inn for å sikre ei bokbåtteneste i fylket var det eit viktig premiss at kommunane var med på å finansiere dette, og at fylkeskommunen var tilskotsgjevar til tenesta, ikkje at dei skulle drifte tenesta.

Fylkesrådmannen ser derfor ikkje at det er grunnlag for vidare drift av ei bokbåtteneste i Møre og Romsdal.


Bokbåten Epos

– Her er så mange spesielle bøker

Orda kjem frå Tobias Flø Smoge frå Hjørungavåg skule. Borna er samde om at det er stor stas når bokbåten kjem til bygda.


Kultur-, næring- og folkehelseutvalet har møte måndag 11. november. Der vil dei ha oppe denne saka.