Vedlikehaldsarbeid i Eiksundtunnelen

Eiksundbrua og Eiksundtunnelen tysdag kveld.  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Denne veka kan det bli litt ventetid viss du har tenkt deg gjennom Eiksundtunnelen.

Ifølgje Statens vegvesen skal det gjerast vedlikehaldsarbeid i tunnelen.

Arbeidet starta måndag kveld og skal etter planen avsluttast fredag morgon.

Trafikken blir dirigert manuelt frå klokka 20.00 til klokka 06.30.

Utrykkingskøyretøy får lov til å passere, skriv vegvesenet  på nettsida si.