- Ikkje meldt om personskade

Nyhende

Alle naudetatane rykte ut onsdag kveld, like før klokka 23.00, etter melding om eit trafikkuhell i retning Flø.

- Det er snakk om ein sjåfør i ein bil som har køyrt inn i autovernet, fortel operasjonsleiar i politiet, Sindre Molnes, til Vikebladet Vestposten.

Molnes sende like etter ut ei twittermelding, som fortel at det førebels ikkje er meldt om personskade.

Men bilen står i det eine køyrefeltet, så det er noko redusert framkomst, heiter det i meldinga.

Ein time seinare melde politiet på twitter at sjåføren vart køyrt til legevakta. Vedkomande vart også fråteken førarkortet, fordi bilen ikkje var i teknisk godkjent stand.