Møt ordføraren på Bigsetmessa

Førstkomande helg er det klart for den tradisjonsrike Bigsetmessa – og blant dei ein kan treffe der i år er Hareid sin nyvalde ordførar, Bernt Brandal.

Vil bli kjent med innbyggjarane: Bernt Brandal, nyvald ordførar i Hareid kommune, stiller opp på Bigsetmessa for å bli betre kjent med folket i kommunen. Målet er å få til slike ordførartreff ein gong i månaden. Foto: Hareid kommune. 

Nyhende

Bigset skulekorps har arrangert mat-, kunst- og kulturmesse andre helga i november sidan 1990.