Trusopplæringsprisen gjekk...

Ulstein TenSing fekk ikkje pris denne gongen, men rosande ord for arbeidet sitt.   Foto: UTS

Nyhende

Ulstein TenSing var ein av tre nominerte til Trusopplæringsprisen 2019. Men i dag vart det kunngjort at det var ikkje dei som vann. Prisen vart delt ut på Trosopplæringskonferansen.



Derimot var det Snapkontoen Bibelguide i Torshov og Lilleborg menighet. Prosjektet starta ut frå eit behov medarbeidarane såg blant ungdom i trusopplæringsarbeidet i kyrkjelyden. Spørsmåla frå borna og trongen for samtale om Bibel og tru blir no møtt på ein plattform dei er tilstade på kvar dag. Arbeidsforma krev tilknyting til ein enkeltperson, men prosjektet er jobba fram i eit samarbeid mellom tilsette og frivillige i kyrkjelyden. Kyrkjelyden arbeider med retningsliner for å kvalitetssikre og utvikle prosjektet.

Juryen har lagt vekt på viljen til å ta spørsmåla frå borna på alvor og til å ta i bruk nye digitale møteplassar.