Ådne den aktive

På skulen fekk Ådne Andersen ofte høyre at han var for uroleg i timane. Heldigvis fanst det både friminutt, friidrett, fotball og skigåing. Og korps.

full jobb: Ådne Andersen (25) starta i full jobb i firmaet Armatec AS 1. august i år. Han er utdanna automasjonsingeniør. Foto: Eirik Fossdal 

Nyhende

– Berre spør du, eg et litt brødskive innimellom, seier Ådne Andersen. Han brukar lunsjpausen sin til å bli intervjua av lokalavisa- på telefon. Her snakkar vi effektivitet.