Baud opp til dans

«Fjøresteinane» sytte som vanleg for god stemning då dei inviterte til dans i Reitensalen sist onsdag.

Gjesteartistar: «Saft Suse» frå Sykkylven deltok også. 

Dans: Fjøresteinane baud opp til dans på Reitensalen sist onsdag 

Nyhende

Nesten hundre menneske var til stades i Reitensalen i Ulsteinvik då bandet «Fjøresteinane» spelte opp til dans.

– Vi har fått gjester både frå Sykkylven, Herøy og Vanylven, i tillegg til dei frå Ulstein og Hareid, fortel Stig Grimstad som har det musikalske ansvaret i gruppa. Bandet vart starta som eit tilbod til elevar ved ei tilrettelagd klasse ved Ulstein vidaregåande skule for snart ti år sidan. I dag er «Fjøresteinane» ein del av vaksenopplæringssentera og musikk- og kulturskulane i Hareid og Ulstein.

Onsdag spelte dei til dans saman med sykkylvingane «Saft Suse» som deltok som gjesteartistar.

Dei siste åra har også elevar ved Ulstein kompetansesenter tatt del på dette arrangementet. Medan «Fjøresteinane» og «Saft Suse» sytte for dansemusikken, stod elevar ved kompetansesenteret for serveringa.

Elevane ved kompetansesenteret har teke del på dette årlege arrangement dei siste åra.

– Ein av elevane våre fekk oppleve «Fjøresteinane» under ein konsert på Ulstein vidaregåande skule for nokre år sidan. Han vart så overraska og begeistra over dette tilbodet at han meinte dette måtte fleire få vite om. Mange innvandrarar kjem frå ein kultur der det på langt nær er sjølvsagt at alle grupper vert respektert på same måte som her i Noreg. I enkelte land kan livet diverre vere ganske brutalt, seier Anne Grete Jessen som er lærar ved Ulstein kompetansesenter.