Døypt i Antarktis

Skipet vart døypt med is.  Foto: Foto: Shayne McGuire/Hurtigruten

Nyhende

MS Roald Amundsen, som er bygt ved Kleven Verft, vart torsdag døypt i Chiriguano Bay på Brabant Island i Antarktis.

- Vi kunne ikkje tenkje oss ein meir perfekt stad enn Antarktis for å døype eit så unikt skip, seier konsernsjefen i Hurtigruten, Daniel Skjeldam, i ei pressemelding frå reiarlaget.

Konsernsjef i Hurtigruten, Daniel Skjeldam, gudmor Karin Strand og Kaptein Kai Albrigtsen jublar etter dåpen.  Foto: Foto: Kim Rørmark/Hurtigruten.

Det hybriddrivne ekspedisjonsskipet er det første skipet som nokon gong har vorte døypt i Antarktis.

Ifølgje pressemeldinga var mannskap og gjester frå meir enn tjue land med på jomfruturen til Antarktis.

Ikkje champagne men is  Foto: Foto: Andrea Klaussner/Hurtigruten.