Rektoren ved UVS meiner det er synd at fylkesrådmannen føreslår å legge ned TAF-linja:

- Eit tilbod vi har vore veldig godt fornøgde med

Margaret Alme er rektor ved Ulstein vidaregåande skule. Ho meiner det er trist at TAF-linja ved Ulstein vidaregåande skule blir føreslått nedlagt av fylkerådmannen. Møre og Romsdal fylkeskommune skal spare 112 millionar kroner - berre neste år.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Linja for tekniske og allmenne fag (TAF) ved Ulstein vidaregåande skule kan snart vere historie. Fylkespolitikar Anders Riise i utdanningsutvalet kan ikkje love at tilbodet blir redda.