Guttorm Hagen blir pensjonist

Nyhende

Guttorm Hagen, som sidan 2005 har vore driftseiningsleiar i politiet på Søre Sunnmøre, går no av med pensjon.

- Det var eit vegskifte då Eiksundsambandet vart opna i 2008, då vart Søre Sunnmøre knytt endå meir saman. Frå 2014 vart vaktsamarbeidet vidareutvikla og politiet kunne innføre døgnkontinuerleg patruljeteneste styrt av operasjonssentralen i Ålesund, seier han i ei pressemelding frå Møre og Romsdal politidistrikt.

Hagen har arbeidd meir enn førti år i politiet. Han starta som lensmannsbetjent i Rauma i 1979. I 1984 vart han lensmannsbetjent i heimbygda Ørsta. I 2005 vart han tilsett som lensmann i Ørsta, og i 2013 tilsett som lensmann i Volda og Ørsta. Frå 2017 vart han lensmann i Indre Sunnmøre lensmannsdistrikt, som i tillegg til Volda og Ørsta også har med Stranda og Sykkylven.

Sidan 2005 har Hagen vore driftseiningsleiar og medlem av politimeisterens leiargruppe.


Fartsmålinga i Eiksundtunnelen:

Ute av drift i to år, politiet ikkje varsla



Nye Volda og Ørsta lensmannskontor:

Hagen blir lensmann for begge kommunene