Håper på jobb i reinhaldsbransjen

Eit samarbeid mellom Ulstein kommune, UEKF, Aasen Renhold AS og NAV skal gjere det enklare for deltakarane å finne seg arbeid innan reinhaldsbransjen.

Avspark: Deltakarar, mentorar og lærarar var 1. november samla på Reiten til «kick off» for det nye undervisningsopplegget som dei på sikt håper vil kunne gi deltakarane arbeid i reinhaldsbransjen. 

Nyhende

Undervisningstilbodet hadde oppstart 1. november.

Kurset går over seks månader og i løpet av denne tida skal deltakarane vere ute i praksis som reinhaldarar, i tillegg til at dei får intensiv opplæring i reinhaldsfaget og i norsk språk.

– Målet er, i tillegg til at deltakarane finn seg arbeid, naturlegvis, at dei skal lære god «bruksnorsk», ein språkkunnskap som er relevant for det framtidige arbeidet dei skal utføre, forklarer einingsleiar for Inkludering og mangfald i Ulstein, Lars Erling Bjåstad Hovlid.

Dei sju deltakarane på kurset flytta til Noreg for ei tid sidan og bur no i Ulstein og Hareid.

Kvar deltakar får ein mentor som vil lære frå seg både yrkeskunnskapar og språk. Det er Ulstein Eigedomsselskap (UEKF) og Aasen Renhold som stiller med mentorar. Sjølve undervisninga er det reinhaldsleiar i UEKF, Heidi Øvereng, som står for.