Pyntar til jul på dugnad

Takka vere mellom andre ei gruppe asylsøkjarar frå Nicaragua vert det julelys i gatene i Ulsteinvik i år også.

Julepyntarar: Denne gjengen, i hovudsak politiske flyktningar frå Nicaragua, har vore med på å pynte Ulsteinvik til jul. I midten t.v. Line Urke i Ulstein Næringsforum og Ann Lisbeth Giske Flem frå Cubus. 

Nyhende

– Det er godt å kome seg ut og gjere noko. Det er veldig kjedeleg å berre sitje inne utan å ha noko å ta seg til, fortel ungdomane som har vore i full sving med å henge opp julelys i Ulsteinvik sentrum dei siste dagane. Tidlegare har dei mellom annan stilt på dugnad under Trebaatfestivalen.

Politiske flyktningar

Ungdommane er i hovudsak politiske flyktningar frå Nicaragua. Det er uvisst om dei nokon gong kjem tilbake til heimlandet sitt.

– Der er ikkje trygt, folk vert drepne. Akkurat no er 90.000 nicaraguanarar på flukt frå president Daniel Ortega og regjeringsstyrkane, fortel dei.

Det har dei siste åra vore politisk uro i Nicaragua og ifølgje FN sin høgkommisær for flyktningar skjer det grove brot på menneskerettane i landet, utan at nokon vert stilt til ansvar.

Her heime er juleførebuingane i gang og ungdommane fortel at også i Nicaragua vert det pynta til jul.

– Julepyntinga startar like tidleg der som her i Noreg, fortel dei.

Det er andre jula dei feirar i Noreg. På søndag vert dei flytta over til eit asylmottak i Trondheim. Dei ser ikkje mørkt på å kome til ein større by, sjølv om dei trur at trønderdialekta kan by på visse språkvanskar.

Dei får såleis ikkje beundre resultatet av julepyntinga, men Line Urke i Ulstein Næringsforum har lovt å ta bilde av julelysa etter at dei er tent og sende til dei.

Det er næringsforumet som organiserer opphenginga av julelys i sentrum.

– I tillegg stiller Ulstein Eigedomsselskap med mannskap og utstyr slik at vi får hengt opp lys der vi ikkje kjem til med gardintrapper eller stige, seier Line Urke.

Dugnadsgjengen stilte opp gratis, men fekk både gåvekort frå Cubus og servering frå Pizza Napoli som takk for innsatsen, samstundes som Kaffibaren har stiller opp med kaffi og fungerer som varmestove under opphengingsarbeidet.