Ordførarane i Hareid og Ulstein, og leiaren i Hareid Næringsforum:

Oppmodar sterkt om at TAF-tilbodet ikkje vert råka

Ordførar i Ulstein kommune, Knut Erik Engh (Frp).  Foto: Arkiv.

Ordførar i Hareid kommune, Bernt Brandal (Folkelista).  Foto: Arkiv.

Nyhende

I eit felles brev til Møre og Romsdal fylkeskommune frå ordførarane i Hareid og Ulstein - høvesvis Bernt Brandal (Folkelista) og Knut Erik Engh (Frp), kjem det fram at dei begge er bekymra over fylkesrådmannen sitt forslag om å avvikle TAF-tilbodet (tekniske og allmenne fag).

- TAF har blitt rekna som eit av dei aller beste utdanningstilboda i videregåande skule, fordi det rettar seg direkte inn mot det lokale næringslivet. Det unike med tilbodet er at det er eit studietilbod som er både yrkesretta og studiespesialiserande. Dette gir elevane det aller beste utgangspunktet for høgare utdanning. Industrifylket Møre og Romsdal burde satsa endå meir på denne typen utdanningstilbod framfor å bygge dei ned, skriv Brandal og Engh i uttalen.

Dei skriv vidare at ein med innføringa av TAF, som til dømes blei gjort i 2003 ved Ulstein vidaregåande skule, har gitt elevane eit solid fotfeste og ei tilknyting til lokale bedrifter som både elevane og bedriftene har hatt stor nytte av seinare.

- Den praktiske innsikta som elevane har tileigna seg gjennom utdanninga, har ført til større kvalitet i vidare studier. Erfaringane viser at svært mange etter endte studier vender heim og er med på å utvikle bedriftene og lokalsamfunna. Fylkeskommuen skal ha ein stor del av æra for at desse tilboda har blitt til, og vi har opplevd fylkeskommunen som ein god medspelar i arbeidet med å utvikle våre kommuner. Vi oppmodar difor sterkt om at dette unike og framtidsretta tilbodet ikkje vert råka, skriv dei.

Ordførarane uttalte seg også til Vikebladet Vestposten onsdag om fylkesrådmannen sitt forslag om å auke ferjetakstane.


Fylkespolitikar Anders Riise og ordførarane i Hareid og Ulstein:

Uroa over forslaget om å auke ferjeprisane ytterlegare

 

Næringsforumet sluttar seg til bekymringane

Hareid Næringsforum, ved leiar Idar Flø i spissen, sluttar seg til uttalen frå ordførarane i Hareid og Ulstein - og i tillegg til det ordførarane har snakka om med lokalavisa tidlegare - den føreslegne auken i ferjetaksten. Flø har også skrive brev til fylkeskommunen.

- TAF-tilbodet ved UVS er viktig å oppretthalde, det er med på å forme framtidas næringsliv i regionen og vil styrke og halde på dei elevane som er meir praktisk retta enn teoretikarane. Med bortfall av dette tilbodet fryktar ein at mange vil falle utanfor skulesystemet, skriv Flø.

Om den føreslegne auken i ferjetaksten skriv han:

- Det er alvorleg og direkte skadeleg for spesielt næringslivet og pendlarane i regionen med ein slik takstauke. Dette er ein auke som ingen vil klare å få kompensert, hverken gjennom lønsauke eller på nokon annan måte. Vi ber om at fylkeskommunen reverserer desse tankane, det er gale nok som det er med dagens takstordning, skriv Flø.