Klippfiskkompetanse mellom to permar

– Mange trur at klippfisk er vanskeleg, men det er det ikkje. Trudi Henrysdotter Eikrem frå Ulsteinvik har skrive «Klippfisk – 153 oppskrifter fortel ei historie», ei kokebok som i tillegg til å gi svar på det meste du måtte ha av praktiske spørsmål kring korleis du lagar eit klippfiskmåltid, også gir ei grundig innføring i klippfisken si historie.

Kompetanse: Klippfiskeekspert og historikar Trudi Henrysdotter Eikrem (t.v.) har alliert seg med grafisk formgjevar Trude Øvrebø og fotograf Vasco Pinhol i samband med boka «Klippfisk - so mvert gitt ut på Skald forlag. 

Nyhende

– Det seiest at ei portugisisk husmor skal kunne 365 bacalhau-oppskrifter. Ei for kvar dag i året. Men sanninga er at i Portugal har dei over tusen måtar å lage til ulike variantar av denne retten på. Og det med eit berre eit lite utval av basisråvarer, fortel Trudi Henrysdotter Eikrem.