Vil få ei orientering om budsjettet

Nyhende

Hareid formannskap har møte førstkomande måndag. Då skal dei få ei grundig orientering om budsjett 2020. Det er førebels ikkje lagt fram noko skriftleg om neste års budsjett i Hareid, men på formannskapet vil rådmann og økonomileiar presentere det økonomiske grunnlaget for budsjettet.

Kvar kommunalsjef vil gå gjennom tenestene og kva utfordringar dei har i sin sektor. I innkallinga til møtet står det at det er sett av rikeleg tid til spørsmål og drøfting, etter dei har handsama dei andre sakene på sakslista.

Andre saker som skal opp på dette møtet er dispensasjon for oppføring av fleirmannsbustad (6-8 einingar) på Pålhaugen.

Det er bygging av naust i Engeskardet, garasje og bud i Brandalsvegen og utviding av hytteområde Snipsøyr/Nesset. Dei skal sjå på forvaltning av det kommunale næringsfondet, godkjenne revidert selskapsavtale IKA Møre og Romsdal og godkjenne forskrift for namnesetting, adressering og adresseforvaltning.

Oreigning til avløpsreinseanlegg

Hareid kommune vil også etablere eit reinseanlegg. Slik det er no går avløp frå heile kommunen ureinsa rett ut i sjøen. Kommunen legg opp til bygging av eit slikt avløpsreinseanlegg i 2021 eller 2021.

I sakspapira til formannskapt står det at kommunen ikkje har greidd å bli samde med alle grunneigarane, difor vil dei starte opp prosessen med å oreigne grunnen.