Fylket ønskjer nærmast å halvere talet på skuleplassar innan dei estetiske faga:

– Vi vert sikta på av politikarane

Nyhende

Sekstenåringane Malin Edvardsen, Ingrid Bårslett og Stine Longva Veddegjerde frå Hareid ville ikkje tru det dei høyrde onsdag, då ein lærar fortalde dei om Møre og Romsdal fylkesrådmann sine planar om å halvere plassane på mellom anna deira linje. Nemleg musikk, dans og drama ved Fagerlia vidaregåande skule i Ålesund. Om budsjettet kjem gjennom, blir det her ein reduksjon på heile 60 elevar.