Frå ein ishavstur

MS «Melshorn»: «Melshorn» var bygd av stål ved Liaaens Skipsverft & Mek. Verksted, Ålesund i 1956 for komandittselskapet AS Melshorn & Co i Brandal. 

Nyhende

Eg vil skrive litt om ein Ishavstur med MS «Melshorn» til Newfoundland i 1962.

Vanlegvis brukte «Melshorn» å vere på sildefiske før dei for i isen, men pga. dårlege utsikter blei det ikkje rigga til for sildefiske den vinteren.

Vi hadde difor god tid med å gjere klar skuta til selfangst. Det var mange ting som skulle på plass, bl.a. ein ekstra oljetank (Bunkerstank). Den blei plassert midt i lasterommet.

Så var det å få på plass all provianten.

Proviantrommet var alt for lite når vi skulle ha proviant til 24 mann i ca. 3 mnd. Nokre av potetsekkane blei difor plassert i fryserommet. Det viste seg at det var ei dårleg løysing. Det var blaute og søte så vi var glade når dei tok slutt.

Når all proviant og utstyr var på plass var skuta klar for oversegling.

Vi brukte å lytte på «været til sjøs». Det var dystre utsikter framover, for lågtrykka låg som perler på ei snor. Eg hugsar ikkje datoen på når vi forlèt «gamlelandet», men det var uti februar ein gong.

Allereie første dagen fekk vi smake på vestakulingen, og slik heldt det fram heile overseglinga. Været varierte frå kuling til storm.

Jetmund Voldnes som var ein veteran på Ishavet kom med eit trøystande ord om at dersom det helt fram med vestavêr ville det bygge seg opp masse ny is på New Foundland.

Nylagd is var lett å ta seg fram på.

Tilbake til været. Det nådde sitt klimaks då vi var på høgde og posisjon med Kapp Farvel. Eg 1åg i køya. Det var uråd å få sove pga. været. Plutseleg kjendest det ut som om heile skuta var i lause lufta. Eg kjente eg letta frå madrassen, og venta berre på braket som måtte kome. Om vi trefte ei «hundreårsbølge» veit eg ikkje, men det var visst berre rorhuset på «Melshorn» som stakk ut.

I køya mi var det kome ein ny mann, pluss trebitar frå køyebotnen hans. Det var Kjell Toftesund frå Sandsøya som 1åg i overkøya og som kom på besøk i mi køy. Han tok det med eit smil og sa: Eg kjem på besøk, men her blir det vel litt trong fir to personar?

Etter kvart roa været seg.

Jetmund hadde rett. Det hadde bygd seg opp masse nylagt is. No var vi komne fram til iskanten og då var det slutt på slingringa

No var det berre å rigge opp utstyret vi trong før vi kunne byrje å fange sel.

Alle skutene både frå nord og sør var komne på plass. Vi berre venta på at «Kalle» Karlsen skulle få flyvær. (Flyet og «Kalle» hjelpte til med å leite for områda var store. Endeleg kom meldinga alle venta på: «Eg har funne selen!»

Slik eg hugsar det var selkastet pâ 40x40 nautiske mil. Posisjonen i området hugsar eg ikkje, men det blei sagt at selkastet låg lenger nord enn dei rekna med.

Ja no var det berre å «stime» og kome i posisjon so nær kasta som mogleg. Isen blei tregare og tregare. Til slutt var det helt stopp og vi 1åg fast.

Selen ville føde ungane på tjukk og trygg is.

Skutene delte seg i forskjellige posisjonar for å kome nærast mogleg.

Eg trur «Melshorn» var i den sørlegaste fløya samen med «Polarsirkel» og «Polarbjørn» pluss ein liten isforsterka lastebåt frå Canada. Båten heitte «Coil».

Dei hadde også helikopter om bord.

Vi var komne so nær at vi kunne sjå selkastet frå tønna om bord, men det blei eit stykkje å gå.

Neste morgon var det lov å byrje å fange, eg trur det var den 9. mars.

Vi stod opp i «grisotta». Det var knapt nok lyst då vi var komne ned på isen. Det var viktig å gjerde inne kvar sitt område. Vi hadde med masse flagg for å markere fløyene. Det blei ikkje so mykje fangsting første dagen, men det var viktig å sikre seg eit område

Det var ca. l/2 meter med nysnø so det var slitsamt og tungt å gå. Etter den første dagen på isen skulle vi gå i samla tropp tilbake til skuta. Ein av mannskapet (frå Syvde) i 40- åra som ikkje hadde vore på ishavet før, sa at han visste om ein viss mann som måtte gje seg på ä dra ein kjetting gjennom ei steinrøys. Men syvdingen gav seg ikkje. Han var berre i dårleg form.

No var levenet i gang. Det var mykje sel i området vi hadde sikra oss. Det blei lengre og lengre å gå for kvar dag. Til slutt såg vi berre tønna på skuta frå der vi fanga, men heldigvis så kom det ikkje snøbyer.

Vi 4 skutene som låg i sørenden på kastet kom best til. Dei skutene som 1åg lenger nord blei liggande fast lenger vekke frå selkastet. Trur vi låg i same området og fanga i ca. 14 dagar.

Vi på Melshorn rekna med at vi hadde 10–12000 dyr liggande på isen, og de same hadde sikkert dei andre skutene som låg attmed oss også.

Været skifta. Det blei meldt fulI storm frå aust. Isen kom i bevegelse. Selkastet blei rive laus frå landisen. Isen «slakna» opp og skutene kunne gå der dei ville.

No blei det «Ville Vesten» på isen. Det var om å gjere å berge all fangsten vi hadde liggande. Vi hadde ut jolla på begge sidene av skuta. Det var fleire som ville delta, men det var om å gjere å berge sitt eige. Vi klarte å berge 8000 dyr. Eg veit ikkje kor det gjekk med dei andre skutene. Eg veit berre at den kanadiske båten var misnøgd. Dei fann ikkje att dyra sine og mangla fleire tusen dyr.

Då vi sat og åt kveldsmat oppdaga vi eit skarpt lys rett utfor skutsida. Eit helikopter hadde landa på isen rett ved skuta. Ein av mannskapet som var god i engelsk giekk ut og ville prate med dei.

Alle skutene blei mistenkte for å ha tatt deler av fangsten deira. Vi hadde fått alle våre dyr under dekk, men det hadde ikkje Polarbjørn, so dei blei anmeldt til kanadisk politi, men dette førte ikkje fram.

Polarbjørn hadde også mista skinn.

Ei nordnorsk skute blei anmeldt frå Norge. Dei var mistenkt for å ha tatt seg til rette, og det blei sett politivakt i Tromsø då dei leverte.

Det var vanleg å skjære i spekket forbokstaven på namnet på skuta for å vite kven som eigde skinnet. På den nordnorske skuta blei det funne skinn som ikkje var deira.

No var jakta på kvitungar over. Kvitungen er ungen til grønlandsselen. Det neste var fangst på klappmyss og blueback og etter kvart også brunsel og gamalhund.

Det kunne bli rolegare dagar mens vi var på leit. Fangstfolka blei delt opp i tredelte vakter. Det kunne av og til vere hustrig og kaldt å sitte vakt på baugen på skuta.

I byssa var Johan Roppen stuert. Der var det alltid varmt og godt. Han likte at det kom folk som han kunne prate med, men blei det for mykje og folk giekk i vegen så tok han ei treskje med pepar og heiv på oljebyssa. Han blei ståande att åleine mens dei andre forsvann.

Trur det var siste turen J.R. var med som stuert i isen.

Eg har berre godt å seie om han. Han var flink og ville at alt skulle gå rett for seg. Kan ta eit døme som for andre kan høyrest ut som ein bagatell, men for J.R var det ikkje greitt når han visste at det var ein som ikkje fekk sitron i teen.

Vi hadde vanlegvis ikkje te til kvelds, det var heller ikkje vanleg med sitron om bord. J.R. hadde skore opp ei skive til kvar. Ein av mannskapet tok 2, difor var det ein som ikkje fekk. Dette likte ikkje J.R., for han hadde ikkje meir.

Vi var heldig med fangstinga vidare. Snart hadde vi full skute og kunne ta på heimveg etter ein god tur.

Eg skreiv ikkje dagbok på den tida. Dette er berre slik eg hugsar det.