Søskenbarntreff

Nyhende

søskenbarn: Borna på biletet er Ruth Bjørndal Nytun (f.v.), Petter Garshol og Elisabeth Kristiansen. Gjennom foreldra Judith (gift Bjørndal), Edvin Garshol og Hanna (gift Kristiansen) er dei søskenbarn. Ruth og Elisabeth er begge fødde i 1949, og voks opp som naboar i Ulsteinvik. I år har dei begge fylt 70 år. Petter er fødd i 1947, og hadde barndomen sin i Ørsta, men var ofte på besøk hos onklar, tanter og bestemor i Ulsteinvik. Dei to jentene syntest det var stas å få besøk av eit to år eldre søskenbarn frå Ørsta. Petter utdanna seg til flygar, og har reist verda rundt for SAS. Han skal vere den første som landa fly på flyplassen i Hovdebygda. Han er i dag busett i Oslo. Ruth utdanna seg til lærar, og var tilsett ved Hareid ungdomsskule i vel tretti år, først og fremst i engelsk og tysk. Dei ti siste åra av yrkeskarrieren hadde ho ved Ressurssenteret i Hareid. Ho var i ei årrekke busett i Hjørungavåg, men for eitt år sidan flytta ho tilbake til Ulsteinvik. Men inne i Åsen i Hjørungavåg har familien framleis ein eigedom, og ho og ektemannen Åge Nytun er like mykje der som i Ulsteinvik. Elisabeth har heile livet budd i barndomsheimen like ved Vikeelva. Ein sommarferie fekk ho seg jobb ved Apotek Mørejarlen i Vikemyra. Då hausten kom skulle ho byrje på yrkesskule i Ørsta, men etter kort tid fekk ho telefon om at ho kunne få seg fast jobb ved Apotek Mørejarlen, og då valde ho det. I heile 46 år jobba Elisabeth ved dette apoteket. Først i Vikemyra, så i Bjørndalsvegen og dei siste åra ved Amfi Ulsteinvik. For fire år sidan blei ho pensjonist – etter lang og tru teneste.