Snødronninga kjem til Sjøborg

Teatret Vårt kjem med eventyrleg musikkteater for heile familien

Teater: Torsdag kjem Teatret Vårt med framsyninga Snødronninga 

Nyhende

Snødronningen av H.C. Andersen er eit klassisk eventyr om kampen mellom det gode og det vonde. Eventyret er også kjent for mange frå Disney sin film Frost, som er inspirert av historia om Snødronninga.

Teatret Vårt er veldig glade for å kunne tilby barn i heile Møre og Romsdal ei storslått teateroppleving før jul. “Snødronningen” er ei eventyrleg framsyning der heile familien kan ta eit avbrekk frå kvardagen og saman la seg fortrylle inn i ei anna verd. Her blir det teatermagi med song, musikk og video. Vi følger Gerdas kamp mot den vondsinna Snødronninga, - men som i alle eventyr er det det gode som vinn, seier teatersjef Kristian Lykkeslet Strømskag.

Strålande omtale

Sunnmørsposten trilla terning 5 og skriv følgande: «Snødronningen er ikke bare en iscenesettelse av et eventyr, men teatermagi...» Sunnmørsposten konkluderer med at familieframsyninga “Snødronnningen” evnar å vise at teater er mykje meir og annleis enn for eksempel barnefilm; “Forestillingen er opplevelse, og en leksjon i livet selv”.

Torsdagskvelden kan då få med deg framsyninga på Sjøborg kulturhus.