Budsjettdebatt i Ulstein formannskap:

– Vanskelegare for kvart år

Tysdag fekk formannskapspolitikarane i Ulstein kommune si første moglegheit til å diskutere budsjett- og økonomiplan. Det er ingen tvil om at arbeidet blir utfordrande.

Formannskapet: Ulstein formannskap tok tysdag føre seg budsjett- og økonomiplan for perioden 2020-2023. Politikarane slo fast at dette blir ei utfordrande handsaming. 

Nyhende

– Dette blir vanskelegare og vanskelegare for kvart år. Vi har lite pengar og det er mykje som ikkje er prioritert som burde ha vore det, sa Lisa Mari Breivik Anderson (Senterpartiet) under formannskapsmøtet i Ulstein tysdag.