Doble quiz-meistrar i Haddal

Ikkje berre ei klasse, men to klasser ved Haddal skule vart sist veke kåra til vinnarar av KlasseQUIZEN.

Klassevinnarar: I konkurranse med andre skuleklasser i Noreg, stakk sjette- og sjundeklassingane ved Haddal skule av med sigeren i begge klassetrinn i samband med KlasseQUIZEN i regia av den digitale bibliotektenesta Lesemester. 

Nyhende

KlasseQUIZEN er ein konkurranse i regi av Lesemester som er ei digitalt bibliotekteneste med bøker for born og ungdom. Startskotet gjekk måndag 11. november klokka ni og fredag 15. november klokka ni måtte læraren ha levert svara frå elevane.

– Sist veke satsa vi difor for fullt på lesing. Kravet er at kvar elev skal ha lese minimum 50 sider i snitt. Konkurransen vart avslutta med ein quiz med spørsmål frå bøkene elevane har lest, fortel Birgit Baade Sunde som er klassestyrar for 6. og 7. klasse ved Haddal skule.

Ho fortel at elevane verkeleg la seg i selen for å få eit godt resultat.

– Dei jobba skikkeleg seriøst. At det var vi som vann var nok mest flaks, men at både 6. og 7. klasse vart trekt ut som vinnarar i kvar sitt klassetrinn – det var mest ikkje til å tru, seier Birgit.

Lesemester er eit samling digitale bøker som langt på veg erstattar tidlegare tiders skuleboksamlingar.

– Det er eit flott ilbod, ikkje minst for skular som ikkje har høve til å nytte biblioteket i sentrum så ofte. Vi brukar denne digitale tenesta gjennom heile skuleåret og her kan alle elvane finne noko som passar, uansett kor flinke dei er til å lese, seier Birgit Baade Sunde.

Vinnarklassene fekk både bokpakkar og diplom i premiar.