VTA-plass i Vikemarka barnehage

Vidar stortrivst på jobben

Vidar Andersen (31) trivst så godt på jobb på jobben som reinhaldsassistent i Vikemarka barnehage at han omtrent aldri har fråvær.

Reinhaldsassistent: Vidar er til god hjelp i Vikemarka barnehage. Det blir ein del måltid med mange koppar og fat som må vaskast og setjast på plass. Han har ein person som bruker å hjelpe han litt, men han kan spørje alle tilsette om det er noko han lurer på. Foto: Ingvild Aursøy Måseide 

Nyhende

Kvar dag klokka tolv til fire er han på plass i barnehagen og gjer ulike oppgåver. Det vil seie, det stemmer i grunnen ikkje. Underteikna kom kvart på tolv for å ta bilete av Vidar då han kom på jobb, men då hadde han alt kome og fått på seg inneskoa.